På denne dagen, 12. mai 1885, fekk Noreg to jamstilte skriftspråk. Det blei vedteke på Stortinget og kalla «jamstillingsvedtaket». Dagen blir derfor kalla nynorskdagen, og han blir brukt til å feire nynorsk som språk og for å oppfordre bedrifter innan privat og offentleg sektor, men òg privatpersonar, til å bruke nynorsk meir i kvardagen.
I Noreg lærer alle nynorsk på skolen, men det er framleis mange som vegrar seg for å skrive nynorsk og bruke det i det daglege når ein sender e-postar, lagar innhald til nettsider og liknande. Mållaga jobbar for å gjere nynorsken meir allment kjent, slik at fleire kan variere mellom bokmål og nynorsk. Det er derfor dei har eit ønske om å sette fokus på nynorskdagen.
Vi i Tansa tek imot oppfordringa og skriv berre på nynorsk i dag. Vi vil òg sende oppfordringa vidare og håper flest mogleg vil gjere som oss i dag.
Verktøya våre kan hjelpe deg godt på veg med nynorsken ved å omsette tekstar frå bokmål til nynorsk eller frå nynorsk til bokmål.
Les meir om verktøya våre her.